![](https://6befb5a139.clvaw-cdnwnd.com/e924ebf10f853136780ae86c7ecf72da/200000007-ab559ab55b/Slettefjell%20Skil%C3%B8yper%20Ingridesign%2028feb19%20%283%29.jpg?ph=6befb5a139)
Oppdatering frå løypekøyrarane legg vi for tida rett i facebookgruppa til Fjellblom IL. Finn du ikkje svar på det du lurer på der - så får du snøgt svar om du legg att eit spørsmål.
Dette kartet finn du også ved alle startpunkt og viktige kryss i løypenettet.
Takk for støtte!
![](https://6befb5a139.clvaw-cdnwnd.com/e924ebf10f853136780ae86c7ecf72da/200000014-c0ff4c0ff7/Valdres%20Spb%20388x100_RGB.png?ph=6befb5a139)
![](https://6befb5a139.clvaw-cdnwnd.com/e924ebf10f853136780ae86c7ecf72da/200000016-613d3613d5/Vang%20kommune%20logo.png?ph=6befb5a139)
Slettefjell skiløyper preparer skiløypene kring Åsvang i Vang i Valdres. Lysløypa vert køyrt etter snøfall mens resten av nettet vert køyrt mot helg og ved behov.
Lysløypa: 1 km, 2 km, 2,5 km og 3,3 km
Laglimrunden: 10 km
Åsvang - Leirholshøgda: 4 km
Dalsbru - Eggeåsen - Fjellsenden: 15 km
Totalt over 30 km skiløyper til glede for fastbuande, hyttegjester og andre besøkande.
Støtt oss via kontonr 2146.30.10177 eller Vippsnummer #512670
Slettefjell skiløyper er eigd av Fjellblom IL som ellers driv med langrenn og annan aktivitet for born og unge i Vang kommune. All løypekøyring og drift ellers skjer på dugnad.