Oppdatering frå løypekøyrarane legg vi for tida rett i facebookgruppa til Fjellblom IL. Finn du ikkje svar på det du lurer på der - så får du snøgt svar om du legg att eit spørsmål.

Støtt oss via kontonr 2146.30.10177 eller Vippsnummer #512670

Takk for støtte!

Slettefjell skiløyper preparer skiløypene kring Åsvang i Vang i Valdres. Lysløypa vert køyrt etter snøfall mens resten av nettet vert køyrt mot helg og ved behov. 

Lysløypa: 1 km, 2 km, 2,5 km og 3,3 km
Laglimrunden: 10 km
Åsvang - Leirholshøgda: 4 km
Dalsbru - Eggeåsen - Fjellsenden: 15 km

Totalt over 30 km skiløyper til glede for fastbuande, hyttegjester og andre besøkande.

Støtt oss via kontonr 2146.30.10177 eller Vippsnummer #512670

Slettefjell skiløyper er eigd av Fjellblom IL som driv med langrenn og annan aktivitet for born og vaksne i Vang kommune. All løypekøyring og drift ellers skjer på dugnad.